Hytter, leiligheter og camping i Eidfjord

Kjærtveit camping er ei familiebedrift i tredje generasjon ved lakseelva Eio sitt utlaup i Hardangerfjorden. Hytter og leiligheiter heile året, og camping frå april til oktober. Gangavstand til alle fasilitetar i Eidfjord sentrum.

Overnatting

Campingplassen har 60 oppstillingsplassar, og utover det 10-15 reine teltplassar. Fordelt på hytter og leiligheiter har me ca. 85 sengeplassar fordelt på 9 leiligheiter, 4 hytter og enkeltrom.

Les mer
Ulsnes Gard

Vår familiegard

20 min i bil frå campingplassen finn ein gardsbruket som familien bur på, der me driv med sau, hest og litt frukt.

Ulsnestunet – tre små hytter der to er kun til å sove i, og den tredje har kjøkken og toalett. Dusje kan dei tøffe gjera i ein utedusj, mens andre kan kome inn i hovedhuset for dette. Totalt sengeplass til 6 fordelt på hyttene.

Ulsneskjedlaren – ei leiligheit med dobbelseng i eit soverom, og køyseng i eit anna. Kjøkken, bad med dusj og stove med TV/Wifi.

Les mer

Utleige

Sjølve leiger me ut båtar i sjøen og stangfiske i Eio, men kontakt oss gjerne om andre ting så klarer me kanskje å formidle det du treng via andre lokale tilbydarar.

Aktiviteter

Om oss

Ei familiebedrift i tredje generasjon

Kjærtveit camping er ei familiebedrift i tredje generasjon ved lakseelva Eio sitt utlaup i Hardangerfjorden. Hytter og leiligheiter heile året, og camping frå april til oktober. Gangavstand til alle fasilitetar i Eidfjord sentrum.

Eidfjord har nærheit til fjorden, og kort veg til Hardangervidda. Innanfor ein radius på 30 minutter i bil finn du Måbødalen, Vøringsfossen, Norsk Natursenter, Kjeåsen og Mikkelparken. Innanfor ein radius på 30 minutter til fots, finner du Galleri Bergslien, Vikingraver og kyrkjebygg frå middelalderen samt alle fasilitetar i Eidfjord.

LES MER

Bestill ditt opphold i dag!

Bestill