Betingelsar

Det er per i dag ikkje mogeleg å førehandsbestilla plass til bubil, vogner og telt. Dette vil truleg kome på plass til 2022 sesongen. Sesongen 2021 er sikkert siste året me praktiserer 3 meter avstand mellom bueinheiter, som me har handheva som eit absolutt krav siste 25år. Frå 2022 er det ny landsdekkande forskrift på 4 meter, og me må litt i tenkeboksen på korleis me skal løysa det.

Me godtek hund og katt i bubilar, vogner og telt. Det er imidlertid eit krav at du er i stand til å kontrollera hunden både med oppførsel og støy. Det er eit absolut krav at hunden står i band, sidan ein person med angst for hunder ikkje vil oppleve nokon hund som trygg. Me har fire leiligheiter der me godtek hund. Ta kontakt med oss på +47 90681762 så finn me ut av det.

Dersom du har behov for å avbestilla ei hytte eller leiligheit kan du gjere det på mail til k-camp@outlook.com inntil 24 timar før innsjekk uten kostnad. Ved avbestilling etter dette vil me kreve deg for 40% av heile det bestillte opphaldet. Om du treng dokumentasjon for å benytte reiseforsikringen i slike tilfeller, tek du kontakt på same mailadresse.

Me forventar fullstendig ro på campingplassen og i hytter/leiligheiter kl. 23:00. Det betyr ikkje at alt er lov før den tid, og me håper våre gjester gjensidig finn ut kva som er best for flest.

Klok av skade (ein familiefar måtte ut med 12 000,- for å erstatta ein spegle på ein bubil) har me valt å seie nei til ballspel på campingplassen. Det er kort veg til ein nedlagt barnehage med ballareal, og kun 10 minutters gange til idrettsplassen. Kom å spør oss om vegen.

Me likar ikkje eingongsgrillar, og har heller smågrillar som du kan låne. Aller best er det om du grillar ved gapahuken nede ved sjøen, men om du skal grille ved teltet/bubilen må du ha slokkevatn lett tilgjengelig. Du låner bøtte eller kanne av oss til dette. I enkelte periodar kan brannsjefen ha sagt nei til grilling, og andre gonger seier me nei sjølve. Då set me oppslag på resepsjonsveggen om dette.

På grunn av Koronaepedemien held me stengt campingkjøkkenet, tv-stova og eit familierom samt leikehytta. Ved å halde familierommet stengt er handikaptoalett og -dusj utilgjengelig. Det er berre å beklaga, men rullestolbrukarar kan henvende seg til oss i resepsjonen, så ser me på alternative løysingar i leiligheiter med rullestolrampe når det er ledig der.
Forøvrig driftar me som best me kan etter gjeldande smittevernsretningslinjer, og vår til ei kvar tid gjeldande praksis står oppslått i bueinheiter og på resepsjonsvegg. Ei lenke til smittevernsmåla våre finn du her.

Bur du samanhengande hjå oss i 10 døgn eller meir gjev me deg 10% avslag i prisen, men det må då takast ved oppgjer. Me utbetaler f.eks. ikkje dette i etterkant, eller om du etter endt sesong erfarer å ha budd her meir enn 10døgn totalt.
I perioden 01.10.-31.05. har me meir gunstige prisar for handverkarar og entreprenørar per veke ved henvending til k-camp@outlook.com.