Kort om

20 min i bil frå campingplassen finn ein gardsbruket som familien bur på, der me driv med sau, hest og litt frukt. Sidan me også der har nokre utleige utleigeeinheiter har me valt å presentere dei på campingen si nettside.

Ulsnestunet

Tre små hytter der to er kun til å sove i, og den tredje har kjøkken og toalett. Dusje kan dei tøffe gjera i ein utedusj, mens andre kan kome inn i hovedhuset for dette. Totalt sengeplass til 6 fordelt på hyttene.

Ulsneskjedlaren

Ei leiligheit med dobbelseng i eit soverom, og køyseng i eitanna. Kjøkken, bad med dusj og stove med TV/Wifi.

Området

Ulsnes Gard ligg ved RV13 i Ullensvang kommune der Hardangerfjorden deler seg i Sørfjorden og Eidfjorden. Ullensvang kommune har identitet knytta til fruktdyrking, og er viden kjent som Noregs frukthage. Kombinert med frukt har Ullensvang levd godt på turisme og det som fossekrafta har skapt av arbeidsplassar. Lokalt handelssentrum er Kinsarvik, og regionsenter er Voss som ligg 40 minutter unna i bil. Med hyppige bussavgangar rett utom døra, jernbane frå Voss til Oslo og Bergen, og fly ut i den store verda er Ulsnes for verdens navle å rekna.

Aktiviteter

I nærområdet til Ulsnes finnes det gode dagsturalternativ både for mosjonistar og godt trente.

Tveismedalen startar i gardstunet og er turstien opp i stølsområdet vårt. Dronningstien og Husedalen er nasjonalt kjente turar som krev drøye 5 minutter i bil til Kinsarvik. Trolltungaturen er også innanfor rekkevidde med ein snau time i bil før du er på startpunktet i Skjeggedal.

I Kinsarvik finn ein feriepark for dei heilt yngste, klatrepark for dei litt eldre og go-kart for alle som vil. Fleire lokale siderproduserande bønder tek imot gardsbesøk på forespørsel.