Ei familiebedrift i tredje generasjon

Kjærtveit camping er ei familiebedrift i tredje generasjon ved lakseelva Eio sitt utlaup i Hardangerfjorden. Hytter og leiligheiter heile året, og camping frå april til oktober. Gangavstand til alle fasilitetar i Eidfjord sentrum.

Eidfjord har nærheit til fjorden, og kort veg til Hardangervidda. Innanfor ein radius på 30 minutter i bil finn du Måbødalen, Vøringsfossen, Norsk Natursenter, Kjeåsen og Mikkelparken. Innanfor ein radius på 30 minutter til fots, finner du Galleri Bergslien, Vikingraver og kyrkjebygg frå middelalderen samt alle fasilitetar i Eidfjord.

Om Eidfjord

Eidfjord er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Ulvik, og i sør og vest mot Ullensvang. Over Hardangervidda grensar kommunen i øst mot Hol og Nore og Uvdal kommunar i Viken fylke. Før samanslåinga til Vestland fylke høyrte Eidfjord til Hordaland fylke. Eidfjord ligg i landskapet Hardanger og omfattar den indre delen av Eidfjorden, dalane innenfor, samt den nordvestre delen av Hardangervidda. Eidfjorden er ein arm av Hardangerfjorden, og Simadalsfjorden er igjen ein arm av Eidfjorden. Kommunens landareal er 1382km2, og det var 914 innbyggere i januar 2021.